Helle Gro - Rask Levering Med Gravering

Med kniven Gro har vi designa og laga ein kniv som er enkel på alle dei riktige måtane. Eit funksjonelt skaft i god vestnorsk bjørk som passar til mellomstore og store hender, med ergonomisk form og solid fingerstoppar.

PrisNOK649,00 inkl. mva.
På lager: 29 stk.
Ved valg av gravering, skriv inn ønsket tekst i feltet under. Har du valgt flere graveringer, beskriv dette slik: Skaft: xxx, Slire: xxx, Blad: xxx. Viktig at alle ord er korrekt skrevet.
  • Produktinfo
  • Produktanmeldelser (0)
Kan leveres raskt, med personlig gravering.

Helle meiner at enkelt kan vere både vakkert og funksjonelt. Vår nye startknivar Gro og Spire er laga som eit svar på utfordringa: korleis skal ein enkel og funksjonell Helle-kniv vere? 

Med kniven Gro har vi designa og laga ein kniv som er enkel på alle dei riktige måtane. Eit funksjonelt skaft i god vestnorsk bjørk som passar til mellomstore og store hender, med ergonomisk form og solid fingerstoppar. Eit mellomstort blad i solid 12C27 knivstål som er forma for å fungere til det meste ein treng ein kniv til på tur. Og ei flott slire i naturell lær med eit vakkert motiv prega på.

Dette er kniven for alle som ønsker ein solid brukskniv frå Helle, ein kniv ein kan bruke og vekse saman med - og som ein kan seinare kan nytte til å lære vekk det ein sjølv har lært seg. Gjerne til nokon som nyttar ein kniv som liknar.  

Designet er laga med tanke på sparsommeligheit. Dette er ein god, gamal norsk verdi som vi meiner er verdt å ta vare på. Difor har vi brukt gode, tradisjonelle og velutprøvde materiale, og fokusert på å utnytte deira styrker maksimalt. Resultatet talar for seg sjølv. 

 *****

Detaljar Gro
Vekt 140 g
Stål Sandvik 12C27 - rustfritt stål
Bladtjukkelse 3,0 mm
Bladlengde 93 mm
Konstruksjon Stikktange
Skaftmateriale Olja bjørk
Lengde handtak 105 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Helle
Designår 2021

Skriv en produktanmeldelse og del dine erfaringer med dette produktet med andre kunder.